Etter kvart som forskinga pågjekk, fann me svar på dei spørsmåla som me i utgongspunktet hadde. Me grubla, undersøkte, leste, søkte på nettet og fekk slik tilfredsstilla nyfika vår. Likevel opplevde me undervegs i prosessen at sjølv om me fann svar på nokre av spørsmåla, dukka det stadig opp nye

Nysjerrigper'ane var vakna til liv!

 

Sidan det er sandkorn som blir kapsla inn til perlemor? Det var jo mykje sand i Lyngtongen. Sjølv om det var det i Vevikja og. Men i Vevikja låg blåskjela langs berget, utan å berøre sandbotn. Derfor plukka me nokre blåskjel frå berget i Lyngtongen og. I desse og fann me mange perler.

Det er mykje havstaumar som kjem inn i Lyngtongen, då denne vika ligg ut mot havet. Det vil nok virvle opp sanden frå botn. Vevikja ligg meir skjerma frå havet.